2018 er godt i gang. Likeeins er planlegging av ulike aktivitetar i regi av IKA Trøndelag. Såleis og arkivplansamlingar.
Vi og de, må fortsatt holde fokus på ferdigstilling og vedlikehald av arkivplan. Det er fortsatt nokre kommunar som ikkje heilt er i mål med arkivplan.Fleire av eigarkommunane våre skal slå seg saman. For desse er det særs viktig at arkivplan for noverande kommune er ferdig før samanslåing. Og samstundes skal det utarbeidast arkivplan for den nye samanslåtte kommunen. Dette er utfordrande. Vi veit og de kjenner nok på dette vil eg tru.
Her kjem ei utfordring til samtlege – kom med ønsker om tema til samlingane. IKA Trøndelag har dei siste åra hatt hovudfokus på kommunereforma. Kanskje er det naturleg å tenke på tema i den samanhengen?
Nokre av kommunane våre har hatt tilsyn av Statsarkivet – kom Statsarkivet med tilbakemeldingar på arkivplan til kommunen? Fekk de avviksmelding? Kva med kartlegging av digitale arkiv og ulike system som er avslutta? Er dei klare for deponering?
Forsøker tenke litt høgt her og kaster nokre tankar på bordet for å få i gang litt tankeverksemd rundt eventuelle tema til arkivplansamlingane. Kva og kor kjenner det at skoen trykker for å få ferdigstilt og halde arkivplan ved like?
Meld gjerne inn temaønske fortløpande.
Vedlagt finn de ei oversikt over regionale arkivplansamlingar for 2018. Merk datoen av i kalenderen!
Vel møtt til arkivplansamling i din region.
Last ned invitasjon: